Gullande snill, flink og alltid med ei hjelpande hand.
Det finst berre gode minne etter ditt lange liv.
Kvil i fred, gode onkel!
Takk for alle gode minner. Alt du på din stillferdige måte har gjort og hjelpa til med.
Vi vil sakne deg.,
Kvil i fred,
Takk for alle gode minner, all hjelp, alle samtaler. Du vil bli sakna. Kvil i fred
Takk for det gode naboskapet i alle dei åra vi var naboen din! Du var alltid blid og hyggeleg og veldig snill mot ungane når dei var små. Dei likte kjempegodt å gå på besøk til deg, og få lov til å hjelpe deg i hagen. Takk for alle dei gode minnene vi har. Kvil i fred
Tusen takk for alle dei fine stunder du gav oss med bøting av garn og skiver med kaviar til kvelds. Du hadde alltid tid til oss og var den beste naboen vi kunne fått! Vi var innom på besøk når vi vart eldre og det var rørande å sjå at du fortsatt hadde alle tegningene hengende på kjøkkendøra frå vi var små. Vi fekk alltid flott servering av alt når vi kom. Kjekke filmkveldar hadde vi også ein god del av då vi var små. Du var nesten som ein bestefar for oss❤️ Du vil bli svært savna av alle oss søskena❤️
Du var den ultimate nabo. Stille, roleg og snill. Før vi andre hadde våkna var snøen måkt ute. Du lagde svære snøhuler i lag med pappa til oss. Vi fekk servert søtsaker til deg, teikne og sjå tv. Om sommaren bugna det av flotte fargar og blomster i hagen din. Alt var på stell. Kjem til å sakne deg Jarl. 🌻
Det har gått mange, mange år, men eg minnast framleis ferdene med snekka di mellom Florø og Ura. Motordur og små gluggar mot den store sjøen som tidt synast å ville svelge oss heile. Eg hugsar deg som ein mann av få ord, men alltid til hende for foreldre og sysken både på sjøen og garden, og som skipper og fraktmann for oss sambygdingane. Takk for turen, Jarl ❤️
Gode minner døyr aldri!
Takk! Randi Karin Holsen
Cathrine
Veronica
og
Tarjei, - med familiar.
Foreningen for Ankerløkkenveteraner takker for samvær og godt samarbeid gjennom mange år.