Minnetale for Trond – frå onkel Øystein
Kjære alle saman,
Vi er samla her i dag for å ta farvel med Trond. Det er tungt, og det er vanskeleg å forstå at han ikkje er blant oss lenger.
Trond vart fødd i Florø den 4. februar 1986. I barne- og ungdomstida budde han fleire plassar – først i Florø, så nokre år i Hyllestad, vidare i Førde og Bremanger, før han til slutt kom tilbake til Florø igjen. Sjølv om han flytta ein del, bar han alltid med seg det som var så typisk for han.
Som gut var Trond full av mykje energi og han likte fotball, musikk og livet på sjøen. Han var veldig stolt når han fikk eigen båt til konfirmasjonen av far sin. Han var omtenksam, kontaktsøkande og glad i folk. Han hadde ei evne til å knyte band, og han hadde stor omgangskrets.
Etter ungdomsskulen gjekk han vidare på fiske og fangst i Måløy, og tok læretida si på fiskebåt.
Tidleg i 20-åra kom han ein kort tur tilbake til Hyllestad og byrja å jobbe på Havyard, der eg også var på den tida. Det var kjekt for meg å ha han der, men eg såg også at han ikkje heilt fann roen i livet på den tida.
Seinare fekk han arbeid i Florø – først deltids jobb på Ewos, og så fast jobb på Felleskjøpet, der han tok fagbrev som prosessoperatør. Eg veit at han også tok ansvar og engasjerte seg, mellom anna som tillitsvald. Då fabrikken vart lagt ned, gjekk han tilbake til Ewos. Eg har fått høyre frå fleire at han var ein arbeidsam, engasjert og sosial arbeidstakar.
Då Trond vart far til Isabella, fekk livet hans ein ekstra dimensjon. Ho betydde alt for han og han var veldig stolt av henne.
Trond hadde sine kampar, og han sleit med rus i periodar. Det er ein del av historia hans, men det er ikkje alt som var Trond. For han var også mykje meir!
Eg har hatt kontakt med Trond heile livet, i nokre periodar meir og i andre periodar mindre. Dei siste to åra har vi hatt meir kontakt, og desse stundene er eg veldig takknemleg for i dag.
Frå årsskiftet skjedde det noko nytt. Han fekk seg jobb med krabbefiske, og eg merka fort kor mykje det betydde for han. Han gledde seg verkeleg. Det var som om han fann ein plass der han høyrde til.
Gjennom meldingar og snappar fekk eg små glimt inn i kvardagen hans. Eg såg ein Trond som trivdest, som var stolt av det han gjorde, og som hadde gode kollegaer og kameratar rundt seg. Det var godt å sjå, og det er slike minner eg tek med meg vidare.
Difor kjennest det så uforståeleg at det enda slik. Når vi står att med sorg og spørsmål, finst det ikkje alltid svar.
Men vi kan halde fast i det vi veit:
Trond var ein som brydde seg, ein som søkte kontakt, ein som hadde mykje godt i seg – og ein som betydde mykje for mange.
For meg vil han alltid vere nevøen min. Ein eg var glad i. Ein eg håpa det beste for.
Takk for alt, Trond. Gla i deg
Du vil bli sakna!
Kvil i fred
Vis mer
Vis mindre